Vårskrinneblomslekta omfattar om lag 11 artar, og dei er typisk konkurransesvake og knytte til open sand og grus eller til berg. I Noreg veks to heimlege og tre framande artar, alle knytte til nokså open og ofte noko forstyrra mark.

Vårskrinneblomslekta finst i Noreg med to heimlege og tre framande artar, og alle er knytte til nokså open og ofte noko forstyrra mark. Her representert med den heimlege arten aurskrinneblom.

Vårskrinneblom-artane er eitt- til fleirårige urter. Dei er rosettplantar med skafta grunnblad med heil, tanna eller flika plate, og med få stengelblad som er skafta eller med smal bladgrunn som ikkje går kring stengelen (ein viktig skilnad frå skrinneblomslekta Arabis). Dei er grissent håra med ugreina eller uregelrett greina hår. Kronblada er kvite eller lyst raudfiolette, hos nokre artar med gul flekk på kronbladskaftet. Fruktene er lange og smale langskulper, noko kantete eller flattrykte, utan nebb og med kort griffel. Skulpeveggen har éin tydeleg midtnerve. Frøa sit i éi rekkje i kvart skulperom.

Artane av denne slekta er oftast nokså konkurransesvake og er knytte til open sand og grus eller til berg. Slekta har no om lag 11 aksepterte artar, men artsavgrensinga for mange av desse er omstridt, og artstalet kan vere betydeleg høgare. Slektsavgrensinga er heller ikkje utan debatt (sjå under). Slekta er utbreidd på om lag heile den nordlege halvkula, nord til godt inn i Arktis og sørover til Aust-Afrika.

Avgrensinga av slekta har vore mykje omstridt. Frå gammalt av blei alle artane inkluderte i ei vidt avgrensa Arabis-slekt (til dømes hos Lid og Lid 1994), men på 1990-talet blei det klårt at artane i denne slekta høyrde til ei anna evolusjonsgrein i krossblomane enn Arabis. Tre slektsnamn har vore mykje brukte: Arabidopsis for vårskrinneblom, Cardaminopsis (C.A.Mey. & Bunge) Hayek for sand- og aurskrinneblom, og Hylandra Á.Löve for svensk skrinneblom, som er ein polyploid hybridart mellom vårskrinneblom og sandskrinneblom. Allereie Ball (1993) meinte at Cardaminopsis måtte bli slegen saman med Arabidopsis til éi slekt, og då blir slektsnamnet Hylandra overflødig. Den (førebels) endelege avgrensinga av slekta finn ein hos O’Kane og Al-Shehbaz (2003), og det er denne avgrensinga vi har nytta her.

Artane av Arabidopsis liknar kanskje mest på artar av skrinneblomslekta Arabis, men dei skil seg lettast i at bladgrunnen på stengelblada ikkje er stengelomfattande, noko han er hos Arabis.

Artane i slekta er rosettplantar med skafta grunnblad som er heile, tanna eller - som her hos sandskrinneblom - flika. 

Stengelblada er anten skafta eller med smal bladgrunn som ikkje går kring stengelen. Dette er ein viktig skilnad frå skrinneblomslekta Arabis.

Kronblada er kvite - som her hos sandskrinneblom - eller lyst raudfiolette.

Fruktene er lange og smale langskulper, noko kantete eller flattrykte, utan nebb og med kort griffel. 

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Arabidopsis (de Candolle) Heynhold. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 447–450.

Ball PW (1993). Arabidopsis (DC.) Heynh. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 322–323.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Jones BMG og Akeroyd JR (1993). Cardaminopsis (C. A. Meyer) Hayek. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 351–352.

Lid J og Lid DT (1994). Norsk flora. 6. utg. ved R Elven. Det Norske Samlaget, Oslo. 1014 s.

Löve Á og Löve D (197). Nomenclatural notes on arctic plants. Botaniska Notiser 128: 497–523.

O’Kane SL og Al-Shehbaz IA (2003). Phylogenetic position and generic limits of Arabidopsis (Brassicaceae) based on sequences of nuclear ribosomal DNA. Annals of the Missouri Botanical Garden 90: 603–612.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vårskrinneblomslekta Arabidopsis (DC.) Heynh. www.artsdatabanken.no/Pages/313765. Lasta ned <dag.månad.år>.