Amerikatrollbær
Actaea rubra
Amerikatrollbær er innført som prydplante, men er ikkje mykje dyrka i Noreg. Arten er førebels rapportert som kanskje forvilla to stader i landet, i Asker (Akershus) i skog og i Åmot (Hedmark) kanskje som attståande eller dyrka. Han kjem opphaveleg frå Nord-Amerika.
Kjenneteikn
Amerikatrollbær er ei 30–70 cm høg fleirårig urt med snau og knebøygd stengel. Blada er oftast 4–5 gonger kopla. Dersom endesmåbladet er flika, er midtfliken oftast mykje lengre enn sideflikane. Blomane sit i ein opprett til nikkande klase. Dei fire begerblada og dei fire kronblada fell av tidleg. Blomane har talrike, kvite pollenberarar som er lengre enn blomeblada. Det er desse som fungerer som skiltapparat. Fruktsamlinga er kort og eggforma, og fruktakse og fruktskaft er grøne eller svartraude. Fruktskafta er tynne og berre litt fortjukka mot begge endar. Dei er nokså lange; dei nedre 10–23 mm lange og dei øvre 8–10 mm lange. Det eine fruktbladet vert til eit raudt, ca. 1 cm langt og meir eller mindre rundt bær, som er giftig. Frøa er 3–3,5 mm lange.
Kromosomtal
Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er ikkje utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Amerikatrollbær er ein innført art som er forvilla frå dyrking. Han er rapportert frå éin stad i Asker (Akershus), der han kanskje er bufast i skog. Funnet er enno ikkje synleg i Artskart. Det er òg ein rapport frå Åmot (Hedmark) som forvilla eller kanskje heller attståande og som dels høver i hop med raud trollbær Actaea erythrocarpa (men sjå diskusjon under).
Arten (i snever tyding, det vil seie utan at Actaea erythrocarpa er innlemma) er heimleg i Nord-Amerika.
Kommentarar
Amerikatrollbær tilhøyrer eit sirkumborealt kompleks og står nære vår heimlege trollbær som han stundom vert han rekna som ein varietet av. Han står enno nærare raud trollbær Actaea erythrocarpa (Fisch.) Gürke, som veks som heimleg austover frå Nordaust-Sverige og Finland . Uotila (2001) argumenterer for at dei austeuropeiske og amerikanske plantane er artsskilde, men nokre av karakterane som vert nytta (til dømes bær- og frøstorleik) skil ikkje desse to artane når ein ser på til dømes beskrivinga av Actaea rubra i Flora of North America (Ford 1997) og Actaea erythrocarpa i Flora of China (Liangqian og Tamura 2001). Actaea rubra skal vidare, ifølgje Uotila (2001), ha blomar med duft, medan Actaea erythrocarpa ikkje har det, men ifølgje Pallmyr (1985) er dette – saman med ein del andre karakterar – heller berre ei lokal tilpassing til manglande pollinatorar i dei undersøkte finske populasjonane og inkluderer Actaea erythrocarpa i Actaea rubra. Shipczinky (1937) i Flora of the USSR avviser Actaea rubra frå Russland, men nyttar andre karakterar enn dei som er nemnde i Flora Nordica som skilje mot Actaea erythrocarpa.
Det kan vere at dei ulike syna på variasjonen i Actaea rubra og Actaea erythrocarpa skuldast at ein berre har sett på delar av variasjonen sirkumborealt. Kanskje let ytterpunkta i variasjonen seg handsame som særskilte artar, medan mellomformer likevel knyter dei saman. Vi her i Noreg bør truleg gje avkall på å konkludere nærare på denne nokså kompliserte problemstillinga på grunnlag av to moglege forvillingar som ligg utanfor det heimlege området for begge artane.
Forvekslingar
Amerikatrollbær liknar på vår heimlege trollbær, men skil seg ved å ha raude, ikkje svarte, bær, og ved å ha 4–5 gonger kopla blad, ikkje tre gonger kopla blad. Han står nær eurasiatisk raud trollbær, og ifølgje Uotila (2001) er dei to artsskilde: amerikatrollbær er meir storvaksen, med større bær og frø, og ein eggforma heller enn elliptisk blomestand. Amerikatrollbær har òg grøne til svartraude blomeskaft og midtakse, medan raud trollbær har skarlaksraude blomeskaft og midtakse i blomestanden. Vi er usikre på om desse skiljekarakterane held mål (sjå diskusjonen ovanfor).
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Ford BA (1997). Actaea Linnaeaus. I: Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 3. Magnoliophyta: Magnoliidae and Hamamelidae. http://www.efloras.org/florataxon.aspx?flora_id=1&taxon_id=100421 Lasta ned 27/3/2022.
Liangqian L og Tamura M (2001). Actaea Linnaeus. I: Wu ZY, Raven PH og Hong DY (red.), Flora of China. 6 Caryophyllaceae through Lardizabalaceae: 147.
Mitrenina EYu, Erst AS, Krivenko DA, Veklich TN, Leonova TV, Chernyagina OA, Yakubov VV, Xiang K, Ling Yu-Yu og Wang W (2024). A karyomorphological study on Actaea acuminata, A. asiatica, and A. erythroarpa (Ranunculaceae). Acta Biologica Sibirica 10: 1445–1460.
Pallmyr O (1985). The pollination biology of Actaea pachypoda and A. rubra (including A. erythrocarpa) in northern Michigan and Finland. Bulletin of the Torrey Botanical Club 112: 265–273.
Shipsczinsky NV (1937). Actaea L. I: Komarov VL og Shishkin BK (red.), Flora of the U.S.S.R., vol 7 (engelsk oversettelse 1970). Keter Press, Jerusalem.
Uotila P (2001). Actaea L. I: Jonsell B (red.), Flora Nordica. 2. Chenopodiaceae to Fumariaceae: 294–297.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Amerikatrollbær Actaea rubra (Aiton) Willd. www.artsdatabanken.no/Pages/286503. Lasta ned <dag/månad/år>.