Frå Helgelandskysten (Vega) og nordover er ishavsreddik ein nokså vanleg plante, både på sand- og grusstrender og i tangvollar. I Nordland veks han ofte i blanding med fjørereddik subsp. maritima, men frå Troms og nordaustover er han einaste rase av arten.