: Braya purpurascens.

Purpurkarse er heimleg og ein av dei mest sjeldsynte plantane vi har i Fastlands-Noreg. Fram til 2023 var han berre kjend frå eit fjellplatå på Nordkapp i Finnmark, men no er han òg funnen fleire stader i Kåfjord i Troms. På Svalbard er han nokså utbreidd. Han høyrer til det mest arktiske elementet i norsk flora.

Braya purpurascens (R.Br.) Bunge ex Ledeb.
Creative Commons Attribution | Reidar Elven | Hanne Hegre | Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo | FlowerPower
Kart. Utbredelse i Norge.