: Trollius europaeus.

Ballblom er ein kjend og kjær plante som veks som heimleg i austlege delar av Sør-Noreg og i om lag heile Nord-Noreg, særleg på enger og beitemark på noko næringsrik grunn. Beitande dyr vik unna denne giftige planten. Ballblom er fylkesblome for Troms. Han har mange namn, som det samiske mánorásse, "måneplante", som truleg siktar til at blomen er rund som ein fullmåne. Andre vanlege norsk namn er "dobbeltsoleie" og “knappsoleie”.

Trollius europaeus L.
Creative Commons Attribution | Hanne Hegre | Reidar Elven | Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Kart. Utbredelse i Norge.