Leirsoleie er ein lågvaksen plante som tilhøyrer vassoleie-gruppa (underslekt Batrachium). Arten voks ein lengre periode ved utløpet av Nidelva i Trondheim, truleg som heimleg, men er ikkje funnen der sidan 1946 og er sikkert utgått. Det er òg eit par einskilde funn frå Frosta i Nord-Trøndelag og Stavanger i Rogaland.