: Ranunculus sceleratus.

Tiggarsoleie er ein låg til middels høgvaksen, heimleg plante som er nokså vanleg på Austlandet og i kyststrøk nord til Trøndelag, meir sjeldsynt vidare nordover i Nordland. Han er ein av dei giftigaste artane i soleieslekta. Namnet kjem visstnok av at tiggarar gnei planten i andletet for å få sår og blemmer i håp om å auke medkjensle og soleis òg inntekter.

Ranunculus sceleratus L.
Creative Commons Attribution | Hanne Hegre | Reidar Elven | Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo
Kart. Utbredelse i Norge.