Artsdatabankens nyoppretta ekspertpanel skal vurdere nye framande artar og oppdatere eksisterande vurderingar i perioden mellom dei ordinære revisjonane kvart sjette år.

– No legg vi til rette for at forvaltning, næring og andre interesserte får oppdaterte risikovurderingar til ei kvar tid. Denne omlegginga gjer at forvaltninga kan utarbeide tiltak raskare for å bekjempe framande skadelege artar. Slik er vi betre rusta for å nå nasjonale og internasjonale mål om å bremse spreiinga – ja kanskje til og med hindre at dei får fotfeste, seier Olga Hilmo, fagansvarleg for framande artar i Artsdatabanken.

I dag blir Framandartslista revidert kvart sjette år. Men det er mykje som kan endre seg på dei åra – nye framande artar kryssar stadig grensa til Noreg, samstundes som dei som allereie er etablerte i landet rask kan spreie seg til nye område.  

– Difor treng vi eit ekspertpanel som kan fange opp endringar fortløpande og oppdatere lista når ny kunnskap er tilgjengeleg, seier Hilmo.

Kontinuitet og kvalitet

Ekspertpanelet er ei sjølvstendig gruppe, utanom ekspertkomiteane, som skal sjå over horisonten etter nye framande artar og vurdere risikoen til desse. Panelet skal og oppdatere eksisterande vurderingar mellom dei planlagde revisjonane, når ny kunnskap er tilgjengeleg.

Medlemmene i panelet sit òg i ein ekspertkomité.

– Det bidreg til kontinuitet og kvalitet i arbeidet over tid. Det er naturleg at medlemmer i ekspertpanelet òg deltek i revisjon av heile artsgruppa dei er ekspert på. Slik sikrar vi god overføring av kunnskap mellom panelet og komiteane, forklarer Hilmo.

Ekspertpanelet hadde oppstart første veka i mai. Panelet har treårige kontraktar og ordninga skal evaluerast kvart år. Alle som sit i panelet har signert ei habilitetserklæring.

Lettare å dele kunnskap

–  For å kunne vurdere kva effekt framande artar kan ha på norsk natur, er det viktig å forstå korleis ulike artar påverkar kvarandre, til dømes vertar og parasittar, seier Katrine Eldegard, professor frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Eldegard er medlem i ekspertpanelet og skal òg revidere risikovurderingane av pattedyr.

 – Eg trur ekspertpanelet vil gjere det lettare å utveksle kunnskap på tvers av komiteane som skal revidere dei ulike artsgruppene.

Leverer oppdatert kunnskap

Når ein ny framand art er risikovurdert, eller ei tidlegare vurdering er oppdatert som følgje av ny kunnskap, blir vurderinga publisert på Artsdatabankens nettsider. Slik blir ny kunnskap raskt gjort tilgjengeleg for alle.

– Vår hovudoppgåve er å levere oppdatert kunnskap til ei kvar tid. Artsdatabanken avgjer ikkje kva som er lov, vi endrar heller ikkje lovverket, presiserer Hilmo.

Ekspertpanelet

Ekspertpanelet ble oppnevnt 16. januar 2025.

Katrine Eldegard

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

Anders Endrestøl

Norsk institutt for naturforskning

Elisabet Forsgren

Norsk institutt for naturforskning

Inger Sofie Hamnes

Veterinærinstituttet

Hanne Hegre

FlowerPower

Vivan Husa

Havforskningsinstituttet

Jeroen van der Kooij

Naturformidling van der Kooij

Björn Nordén

Norsk institutt for naturforskning

Bård Stokke

Norsk institutt for naturforskning

Vigdis Vandvik

Universitetet i Bergen

Gaute Velle

NORCE klima og miljø