Fjørereddik er den underarten som er vidast utbreidd. Her frå Tautra på Frosta i Nord-Trøndelag.

Fjørereddik er den vidast utbreidde underarten av strandreddik i Noreg; han veks langsmed heile kysten nord til Troms.

Kjenneteikn

Fjørereddik er ei eittårig, oftast saftfull og snau urt, oftast lågare enn 50 cm. Stengelen er nedliggjande eller opprett. Blada er djupt fjørflika til fjørdelte med nokså smale (3–10 mm breie), ofte tanna flikar. Blomane er nokså store og har honninglukt. Begerblada er opprette. Kronblada er raudfiolette til kvite. Fruktene er særprega. Dei er leddskulper med to ledd som ikkje opnar seg. Det nedre leddet er i veggdelen, med eitt frøemne som oftast ikkje utviklar seg. Det øvre leddet er i griffeldelen og har alltid eitt frø. Oftast mognar berre det øvste leddet, men om begge ledd utviklar seg, finn ein to korte (1–2 mm) og butte horn i overgangen mellom ledda. Det øvre skulpeleddet har flytevev, losnar tidleg og spreier seg med havstraumar, medan den nedre skulpeleddet blir sitjande att og spreier seg saman med heile planten når han blir spreidd meir lokalt med havstraumar.

Fjørereddik har djupt fjørdelte blad med smale flikar (men breiare enn hos austersjøreddik).

Oftast mognar berre det øvste skupeleddet, men om begge mognar er horna mellom leda nokså butte.

Kromosomtal

Fjørereddik er diploid med grunntalet x = 9 og kromosomtalet 2n = 18. Teljingar er utførte på norsk materiale.

Økologi og utbreiing

Fjørereddik er ein vanleg plante på tangvollar og anna havstrand med tangrestar på kysten frå nemoral til mellomboreal sone, på Austlandet, Sørlandet, i Trøndelag og i Nordland og nord til Sør-Troms, kanskje òg i Tromsø. Han er mindre vanleg på Vestlandet kor han manglar i store område. Elles er han utbreidd i heile Vest-Europa (men ikkje på Færøyane og Island) og kanskje i Middelhavsområdet, men her kan det vere at han er erstatta av ein annan underart.

Kommentarar

Mellomformer er svært vanlege der underartane av strandreddik veks saman. Kring Oslofjorden og langsmed Skagerrak-kysten sørover til Agder er det vanleg å sjå former mellom austersjøreddik subsp. baltica og fjørereddik. Former mellom fjørereddik og nordsjøreddik subsp. integrifolia er hyppige frå Vest-Agder til Nordmøre og nokre få stader i ytre Trøndelag. Former mellom fjørereddik og ishavsreddik subsp. islandica er nokså vanlege i Nord-Noreg nord til Ofoten og Lofoten.

Eit førebels uløyst problem er variasjonen kring midtre Oslofjorden. I heile området frå Østfold og Oslo sør til Kristiansand, er det smalflika plantar ein finn, med unnatak for eit lite område frå Bastøya i Horten (Vestfold) og Åven i Råde (Østfold) sør til Larvik (Vestfold). I dette området finst det òg plantar med breiflika til lite flika eller rundtanna blad, og dei har den karakteristiske halv-aborterte skulpa til subsp. maritima og subsp. integrifolia (sjå under Forvekslingar nedanfor). Desse plantane veks særleg ute på øyane, i vintermilde område, og dei står morfologisk mellom dei to nemnde underartane.

Forvekslingar

Fjørereddik og austersjøreddik subsp. baltica har begge djupt delte blad, men hos austersjøreddik er flikane ofte trådsmale og flika på ny. Nordsjøreddik subsp. integrifolia og ishavsreddik subsp. islandica har begge blad som er grunnare flika eller berre rundtanna, og med mykje breiare flikar og tenner. Hos fjørereddik og nordsjøreddik utviklast oftast ikkje det nedre leddet på frukta, og berre det øvre leddet har eit frø. Hos desse to er difor heller ikkje dei to horna mellom ledda godt utvikla. Hos austersjøreddik og ishavsreddik utviklast oftast begge ledda på frukta, med kvart sitt frø. Austersjøreddik har smale, spisse horn mellom ledda, medan ishavsreddik knapt har noko horn i det heile teke, men heller ei innsnøring mellom ledda. Utviklinga av skulpeledd og horn varierer mykje, og ein må sjå på mange frukter (og plantar) for å sjå kva som er det hyppigaste.

Kjelder

Ball PW (1993). Cakile Miller. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea 1 Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 413–414.

Chromosome Counts Database (CCDB). http://ccdb.tau.ac.il/search/ Lasta ned 9/12/2022

Elven R (2007). Cakile Mill. I Flora Nordica. Upublisert manus.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Elven R og Gjelsås T (1981). Strandreddik (Cakile Mill.) i Norge. Blyttia 39: 87–106.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022

Rodman JE (1974). Systematics and evolution of the genus Cakile (Cruciferae). Contributions from the Gray Herbarium 205: 3–146.

Rodman JE (1976). Differentiation and migration of Cakile (Cruciferae): Seed glucosinolate evidence. Systematic Botany 1: 137–148.

Rodman JE (2010). Cakile Miller. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 424–428.

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Fjørereddik Cakile maritima subsp. maritima. www.artsdatabanken.no/Pages/345533. Lasta ned <dag.månad.år>.