Vaidslekta er ei nokså stor slekt med ein stad mellom 50 og 100 artar, utbreidde frå Sør- og Søraust-Europa og Nord-Afrika austover til Aust-Asia. Slekta har ni artar i Europa, men berre éin i Noreg: vaid. Det er noko uklårt om han berre er framand eller om han òg har heimlege førekomstar i Nord-Noreg.

Plantane er eitt- til fleirårige urter, blågrøne og snaue eller med ugreina hår. Stengelblada er enkle, heile og med stengelomfattande grunn. Blomestandane er ofte mykje greina og strekkjer seg mykje i fruktstadiet. Begerblada er ikkje sekkforma ved grunnen. Kronblada er gule. Frukta er ei nøttskulpe med eitt frø (sjeldan to) og med ei brei vengje kring heile frukta. Frukta er karakteristisk hengjande.

Vaidslekta er vidt utbreidd som heimleg i tempererte og subtropiske område. I Middelhavsområdet strekkjer utbreiinga seg vestover til Portugal og Marokko. I Aust-Europa er slekta utbreidd nord til Tsjekkia, Slovakia og Ukraina. I Asia veks ho aust til Kina og Aust-Sibir. Sjå arten for kommentarar om mogeleg heimleg utbreiing kring Austersjøen og i Noreg. Al-Shehbaz (2010) seier at slekta omfattar 50 artar; Plants of the World Online (POWO) seier 92 aksepterte artar. Skilnaden i oppgjevne artstal heng sikkert saman med kor breitt eller snevert desse nærskylde artane blir handsama.

Vaid-artane kan ikkje bli forveksla med andre krossblomar (eller andre plantar). Fruktene er heilt spesielle.

Kjelder

Al-Shehbaz IA (2010). Isatis Linnaeus. I Flora of North America Editorial Committee (red.), Flora of North America north of Mexico. 7. Magnoliophyta: Salicaceae to Brassicaceae: 567–568.

Ball PW og Akeroyd JR (1993). Isatis L. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 324–325.

Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.

Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 9/12/2022

Siter nettsida som:

Elven R og Hegre H. Vaidslekta Isatis L. www.artsdatabanken.no/Pages/313798. Lasta ned <dag.månad.år>.