Spanskreddikslekta
Erucaria
Spanskreddikslekta er ei nokså lita slekt med om lag ti artar, utbreidde i Nord-Afrika og Vest-Asia aust til Den arabiske halvøya og Iran. Berre éin art er funnen, som framand, i Noreg, og det er spansk reddik som berre er funnen to gonger.
- Innhold
- Siter nettsida som:
Artane er eitt- eller toårige, snaue eller med berre ugreina hår. Begerblada er tiltrykte og dei indre er sekkforma ved grunnen. Kronblada er lilla med lange kronbladskaft. Frukta er ei langskulpe med to ledd. Veggdelen opnar seg og slepp ut frøa, medan griffeldelen (med 1–3 frø) ikkje opnar seg.
Spanskreddikslekta har sitt kjerneområde i ørken og halvørken i Nord-Afrika og Vest-Asia, og det norske namnet er like lite høveleg på slekta som på denne eine arten som er funnen i Noreg.
Kjelder
Heywood VH (1993). Erucaria Gaertn. I TG Tutin mfl. (red.), Flora Europaea. 1. Psilotaceae to Platanaceae. 2. utg.: 413.
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utg. Samlaget, Oslo. 1255 s.
Plants of the World Online (POWO). https://powo.science.kew.org/results Lasta ned 3/11/2022
Siter nettsida som:
Elven R og Hegre H. Spanskreddikslekta Erucaria Gaertn. www.artsdatabanken.no/Pages/313789. Lasta ned <dag.månad.år>.