Trollbær
Actaea spicata
Trollbær er ein heimleg plante som veks over det meste av landet. Bæra er kjende som giftige for både menneske og dyr. Planten, og då først og framst den tørka rota, har vore nytta medisinsk i tidlegare tider mot blant anna astma og kikhoste og som eit smertestillande middel mot leddplagar og tannverk.
Kjenneteikn
Trollbær er ei 30–70 cm høg fleirårig urt med snau og knebøygd stengel. Blada er oftast tre gonger kopla. Dersom endesmåbladet er flika, er midtfliken oftast ikkje mykje lengre enn sideflikane. Blomane sit i ein opprett til nikkande klase. Blomeblada er lite synlege og sit i to kransar med fire grønlege begerblad og fire kremkvite kronblad som alle fell av tidleg. Blomane har talrike, kvite pollenberarar som er lengre enn blomeblada. Det er desse som er skiltapparatet i blomen. Blomen har berre eitt fruktblad som vert til eit svart, ca. 1 cm langt, giftig bær.
Kromosomtal
Diploid med grunntal x = 8. 2n = 16. Teljingar er mellom anna utførte på norsk materiale.
Økologi og utbreiing
Trollbær veks i næringsrik skog og kratt og i ur, opp til skoggrensa, og så høgt som 1050 moh. i Hol (Buskerud). Arten er nokså vanleg i heile landet frå nemoral til mellomboreal (og dels i nordboreal) sone nord til Alta og Tana (ikkje synleg i Artskart) i Finnmark, men han er meir sparsam på ytre Vestlandet. Trollbær er utbreidd i Europa og Vest- og Mellom-Asia.
Kommentarar
Trollbær er eit namn som òg vert nytta om andre plantar med giftige bær, til dømes firblad Paris quadrifolia.
Forvekslingar
Kjelder
Elven R, Bjorå CS, Fremstad E, Hegre H og Solstad H (2022). Norsk flora. 8. utgåva. Samlaget, Oslo.
Hjelmstad R (2012). Medisinplanter i Norge. Helsebringende vekster i naturen. Gyldendal Norsk Forlag. 422 s.
Høeg OA (1976). Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo. 751 s.
Siter nettsida som:
Hegre H og Elven R. Trollbær Actaea spicata L. www.artsdatabanken.no/Pages/286502. Lasta ned <dag/månad/år>.